Medarbeidarar med lokale røter og høg kompetanse gjer at våre kundar kan vere trygge på at vi har lokalkunnskap og forstår dei problemstillingane som bedriftene i Sogn og Fjordane må ta stilling til. I tillegg gjer vårt godt utbygde kontornett, med kontor i Førde, Florø, Måløy, Sogndal, Stryn og Nordfjoreid, til at vi er raskt tilgjengelege same kor ein driv forretning i fylket. Vi er 38 personar, inkludert to advokatar.
Sogn og Fjordane har enorme naturressursar som ventar på å bli foredla til varige verdiar for fylket. PricewaterhouseCoopers’ sterkaste drivkraft er ønskje om å vere ein samfunnsbyggjar som bidreg til vekst og utvikling. Vår viktigaste oppgåve er derfor å dele vår kunnskap med leiarar i fylket - slik at vi saman kan tenkje samanhengar som gir nye moglegheiter - og foredle desse nye tankane til produkt og tenester som gir verdiskaping.